Båtforeningen: Ørsta Småbåtlag

Frå fjord til fjell

Ørsta Småbåtlag med småbåthamna er plassert innst i Ørstafjorden, med utsyn over dei majestetiske Sunnmørsalpane.

Ørsta Småbåtlag kan snart sjå tilbake på 50 års historie, då hamna stod ferdig bygd i 1971. Sidan starten, har hamna opplevd mange oppgraderingar og slik hamna framstår i dag, er dette eit moderne anlegg med dei fleste fasilitetar.

Hamna har bobleanlegg og er isfri, her er servicebrygge med dieselpumpe og vatn, klubbhus med tilgang til vaskerom, dusj og toalett. Du finn og ein gapahuk med bord og benkar og mogelegheit for grilling i all slags vær. Vi har også laga oppstillingsplassar for bobil. Området er videoovervaka og gjestar har gratis WIFI.

Hamna er stort sett vedlikehalden av medlemmar i Småbåtlaget og årleg har ein ca 4 dugnadar ein lyt stille på. Laget har ca. 180 medlemmar, og av desse har ein mange dyktige arbeidsfolk.

Ørsta Seilforening er ein aktiv del av småbåtlaget og har regatta kvar onsdag i sommerhalvåret. Desse tel meir enn 20 seglbåtar, og er eit flott skue på fjorden.

Ørsta er ein stad for store opplevingar, anten ein kjem med båt eller ikkje.

Ankerfestival

Kvart år inviterer Ørsta Småbåtlag til Ankerfestival, og har tradisjon for dette sidan 90-talet. I samarbeid med Naturfestivalen og motbakkeløpet «Saudehornet rett opp», er dette ein folkefest midt i Ørsta sentrum. Start for løpet er ved «Ankerstova», og premieutdelinga er på festivalscena i hamna.

Når kveldinga kjem og musikk strøymer frå scena, er det duka for småborddans. Serveringsvogner med alt ifra thaimat til grillmat og pizza skulle dekke dei fleste behov, sjølv for fjelltrøyte danseføter. Mange tilreisande kjem med båt, og betre plassering enn på gjestebrygga kan ein ikkje få.

Annonse
20_06_Fuelservice_Bannere_BVNettFuel-service_710x21820_06_Fuelservice_Bannere_BVNettFuel-service_320x250
IMG_20181001_105433

Opplevingar

Ørsta er ein stad for store opplevingar, anten ein kjem med båt eller ikkje. Det første som stend fram, er dei majestetiske Sunnmørsalpane. Folk har i alle tider farta til vårt distrikt for å utforske eller nyte dette landskapet. Mange av fjella har fått namn frå desse tindeklatrarane, og Molladalen er eit kjent utgangspunkt for slik aktivitet.

Ned frå desse fjella renn det fleire store elvar, og mange av desse er flotte lakseelvar. Oselva renn ut rett ved småbåthamna, og mange båtgjestar får «lakseskjelven» når dei ser storlaksen hoppe i elveosen. Ellers må Bondalselva og Bjørkeelva ogso nemnast som framifra lakseelvar.

Alle desse tilboda gjer Ørsta til ein attraktiv stad å besøke, og gjestehamna til småbåtlaget ønskjer deg velkomen.

Vedlegg uten navn 00016

Artikkelen sto på trykk i Fritidsbåten i 2018, og er skrevet av Kjetil Leira

Endret: 05.06.2020