Dubai – Aqaba (Jordan)

From Dubai to Trondheim with love…

Endeleg kunne eg ta farvel med Ras al Kaima. Skipsregisteret i Bergen var fornøgd med meg og måten eg hadde inngravert registreringsnummeret. Min filippinske kapteinsvenn segla med meg til Dubai. Han kjente vegen, også i mørke. Det blei ein segltur på omlag 8 timar. Glad for HD radaren. Det kjente landemerket Palmen i Dubai stikk langt ut frå land. Veldig langt ut. The World endå lengre. Me segla derfor lenge med Dubai rett akter, før me kunne runde inn igjen. Spesielt å kome til Dubai International Yacht Club i eigen båt, i mørket. Alle lysa. Eg blei liten i Yacht klubben. Båten og. Eg låg saman med ein båt frå Sheikefamilen om styrbord, Twisted Tower i baugen og ein Amerikaner om babord.

Min filippinske venn hadde ordna den finaste plassen. Gratis. Om morgonen sto tre av hans filippinske venner klar for å hjelpa meg med diverse. Dei hadde egentlig begynt. Vasking av skrog og polering pågjekk når eg sto opp litt utpå formiddagen. Hjelpe meg kor mykje bra folk det finnes i verda. Eg trur det er derfor eg er så glad i båtlivet og dirigentyrket mitt. Alle folka eg får møte. Alle vennskapa verden rundt. Stas. Musikarar og båtfolk har mykje til felles. Eg opplever dei som imøtekommande, hjelpsomme, rause, varme og ydmyke. Dei aller aller fleste.

Dubai International Yacht Club
Twisted tower in Dubai IYC

Musikarar og båtfolk har mykje til felles. Eg opplever dei som imøtekommande, hjelpsomme, rause, varme, snille og ydmyke. Dei aller aller fleste.

Utpå dagen kom firmaet som skulle rigge ned Modig og førebu båten til landtransport til Aquaba i Jordan. Turen måtte gå via Saudi-Arabia. Transportselskapet meinte turen ville ta 4-5 dager. Eg tok ikkje sjansen på å segle rundt og inn i Rødehavet blant anna på grunn av piratfaren. Nøyaktige mål og vekt hadde blitt sendt til eit aktuelt transportfirma som eg hadde blitt anbefalt. Eg fekk også sveist eigen krybbe som båten skulle stå i på traileren. I tillegg skulle riggarane løyse nokre tekniske utfordringer på båten. Men eg fekk ikkje autopiloten til å verke og eg såg mørkt på reisa til Noreg utan autopilot. Dubai´s mest betrudde Raymarine mekaniker måtte kome. Og gå igjen. Han fekk det ikkje til.

Tretti tusen norske kroner ville det koste å få piloten opp å gå. Ny og større styremaskin var den største utgifta. Hanseverftet i Tyskland hadde rekna feil størrelse på styremaskina, meinte han. Eg håpa på anna løysning. Blei for dyrt. Eg håpa på at det ikkje kunne vere mogleg for et verft i Tyskland i 2011, på byggenummer 37, å gjere ein slik feil. (Da skulle seinare vise seg at når riggar Tor Kjetil Pedersen kom til Aqaba for å rigge opp båten igjen, fann han feilen med ein gong. Ein flat 10 ampere sikring på styreeininga som var litt vanskeleg å finna, hadde gått. Den kosta ei krone og tretti ører,- NOK i Aqaba).

midtOsten_kart_GoogleMaps

Om kvelden begynte eg faktisk å kjenne litt ro for prosjektet. Sat i 30 varmegrader på akterdekket med ein kald øl og ein kopp kaffi. Kikka på alle damene i utruleg flotte kjolar som gjekk ombord hjå Sjeiken. Litt etterpå kom sjølvaste sjølv ut på dekk 6 på yachten sin. Såg ned på meg, studerte båten, det norske flagget. Smilte. Gav meg tommelen opp og nokre dansemoves, før han forsvann inn igjen til damene sine. Såg ikkje meir til han eller damene hans. Eg sovna på akterdekket, under den finaste stjernehimmelen.

Annonse
Aqaba

SY Modig

Den natta drøymde eg om ungane mine. Om yngstejenta som meinte at båten skulle heite Modig. Ho likte så godt tegnefilmen Brave og den modige flotte jenta i filmen. I tillegg er jo me og alle andre som kjøper båt litt modige, meinte ho. SY Modig skulle barnet heite.

Dagen etter hadde eg fly heim til Trondheim. Eg rakk akkurat å sjå traileren kome, med den nye krybba bakpå. Den hadde ikkje «low bed´ed» hengar som lova, men ein medium høg semihengar. Sjåføren forsikra meg om «no problems, this easy. You go home, I drive. See you soon, Aqaba».

IMG_3791-2

See you soon

Tre dager hadde dei brukt berre for å koma ut av Dubai sentrum med Modig på hengaren. Halve byen måtte stengjast av ei natt. Eg stengte av telefonen. Måtte stole på dei involverte i prosjektet. Sjekka ein gong til at forsikringspremien var betalt, i tillegg til kr 8000,- dei skulle ha for landtransporten gjennom Saudi-Arabia. Eg kunne ikkje gjere meir no anna enn å bestille flybillettar frå Noreg til Aqaba for mannskapet og meg sjølv, 4-5 dager fram i tid. Not…

Rett før byen Suez
Rett før byen Suez

Artikkelen sto på trykk i Båtens Verden i 2017, og er skrevet av Bjørn Sagstad

Endret: 21.05.2020