Aqaba – Sharm el Sheik – Suez:

From Dubai to Trondheim with love…

3-4 dager skulle transporten ta. Lange 4 veker og 5 dager etter at transporten gjekk frå Dubai var SY Modig framme i Aquaba.

Endring av flybilletter til meg sjølv og mannskapet mitt blei dyrt. Etter å ha venta nesten ei veke og budd på hotell i Aqaba, kom telefonen om at lastebilen med båten sto rett utanfor byen. Eg hoppa i ein taxi for å sjå korleis da sto til med båt, bil og sjåfør. Sjåføren sat i veikanten med primus og kokte ris. Mumla noko om ei lang reise, mange dekkskift (14!), fleire veker i tollkøar i Saudi-Arabia og ei låg bru… Då eg steig om bord i båten såg eg det med ein gong. Den ellers så strøkne båten, hadde fått ein transportskade i bakre del av overbygget/biminitaket. Båten hadde vore nokre cm for høg for ei bru. Den store doble døra var også åpen. Halve ørkenen frå Saudi-Arabia låg inne i salongen. «Er det mogeleg?», tenkte eg. Det siste eg gjorde før avreise frå Dubai var å tørke støv…

Aqaba i Jordan
Aqaba i Jordan

Eg ringte til forsikringsselskapet med ein gong. Tor Kjetil Pedersen som var venta same natt for å rigga opp båten, viste seg å vere autorisert takstmann for diverse forsikringsselskap, også mitt. Slik var takstmannen på plass to timer etter at båten kom til Aqaba. Eg trengte ein øl. På akterdekket. Oppå trailer-
hengeren. Ein røyk også, sjølv om eg ikkje røyker. Kunne fått nylaga ris, men takka nei.

Neste dag, før soloppgang, fekk sjåføren båten gjennom sentrum av Aquaba og ned til hamna. Me starta med ein gong arbeidet med å setja båten på sjøen, på same tid som Tor takserte, tok bilete og dokumenterte alt han kunne. Det var heldigvis ikkje så omfattande skade. På same flyet som Tor var også min medkaptein og styrmann Tom Kausanrød, kaptein på RS Idar Ulstein i Fosnavåg. Eg møtte Tom tilfeldig året før i Ålesund då eg dirigerte julekonserten med Ålesund Symfoniorkester og Helene Bøksle. Spurte om han ville segle med meg gjennom Suezkanalen og inn i Middelhavet.

Førstereisgut John Isak var også med meg i Aquaba. Fem dagar og tre interne interne sjøfartsinspeksjonar seinare, var me endelig klar for avreise Aquaba. Eg hadde brukt mesteparten av tida til å få orden på diverse papir og seglingsgodkjenningar. Rigger Tor hadde reist tilbake til Norge. John Isak, Tom og meg segla ut av hamna tidleg ein morgon. Då sto ikkje mindre enn fem offentlege etatar (toll, politi, brann, havnevesen og kystvakt) på kaien for å sjå oss avgarde. Plutseleg blei det viktig for dei å få oss vekk. Fort. Blei litt ampert då eg kokte kaffi. Kokte den ferdig. Seglar ikkje Aquaba–Trondheim uten kaffi på termosen.

Blei litt ampert då eg kokte kaffi. Kokte den ferdig. Seglar ikkje Aquaba–Trondheim uten kaffi på termosen.

Annonse
sensarmarine710x218_v1sensarmarine320x250_v2

Det var svært rart å segle utover med Jordan i hekken, Saudi Arabia om babord, Israel skrått akter om styrbord og Egypt om styrbord. Me hadde følgje av fleire marinefartøy dei første timane. Kursen var plotta for Sharm Al Sheik, som me regna å passere til natta. Båten var full av drikkevatn og tørrmat. Me hadde fire timars vakter og eg fekk for første gong kjenne på kapteinansvaret.

John Isak
John Isak

«Nødhavn»

I mørket passerte me Sharm El Sheik. Alt gjekk fint. Hadde medvind det første døgnet. Men så var det slutt på medvinden. Ganske riktig; «you will experience kind of strong wind and waves in your face towards the Suez». Me måtte ganske langt ned i fart, med motor ca 3-5 knopp, for at ikkje båten skulle slå for mykje. Eg erfarte også at ein nesten ny båt som er lite brukt, ikkje nødvendigvis er av det gode. Plutseleg røff bruk førte til at me mista ein del elektronikk. Først datt radaren ut, så begynte kartplotteren å fuske og til slutt mista vi gps´en. Eg er framleis usikker på om avgjerda var rett, men eg bestemte at me skulle gå seks timer attende til Sharm Al Sheik for å utbedre elektronikken. Me hadde enno nesten to døgn segling til Suez og det freista lite å gå «i blinde» ut og inn av den trafikkerte seperasjonssona mot byen Suez og Suezkanalen.

I Sharm El Sheik fann me berre ein kai som me kunne bruke. Trudde me. Me låg til rett framfor ein svær super yacht. Etter fire minutt kom minst seks militærbiler i stor fart dit me låg. Dei lurte på kvifor i hel… me låg der. Best her sa eg, fin kai. Dei var ikkje imponert av verken nødhamnsteorien, val av militærkai, båt eller mannskap. At John-Isak tok ein dukkert for å avkjøle seg akkurat då, var heller ikkje populært. Dei la vekk våpena og forsvann med passa våre. «This will cost you». Me feilsøkte. Helsikken tenkte eg. Dette kan bli dyrt. Lurte på kor mykje super yachten bak oss hadde betalt.

Tom og havet-kopi
Tom og havet

Me fann feilen, tok ein ekstra runde med WR40 «anti-mange ting»-spray. Dei kom tilbake med passa våre, gav meg skamkjeft, men me slapp unna med ikkje så mange tusen i bot, eller gjestehamnavgift for båter mellom 40 og 50 fot, utan straum og vaskemaskin, som me valde å kalla den. Det som kanskje var mest spesielt, var at øverstkommanderande visste nøyaktig kor eg hadde henta båten og kor mykje eg hadde betalt. Men greitt, på dette tidspunktet i prosessen hadde eg rett og slett blitt litt immun mot autoritetar, våpen og kjeft.

Framfor oss no hadde me nesten to døgn i motsjø, skiftarbeid, lite søvn og dårlig matlyst. Var litt stas å bli passert av to forsyningsbåtar frå Ålesund og Farstad Shipping. Kjente oss litt mindre aleine da.

Etter fire minutt kom minst seks militærbiler i stor fart dit me låg. Dei lurte på kvifor i hel… me låg der.

Me kom fram til byen Suez eit og eit halvt døgn seinare. Kl 0100 om natta. «What, from Norway? What are you doing her? What is the name of your agent? What is your name? What is the registration number on your boat»? Mange spørsmål på dårlig VHF-linje. Eg var trøytt. Veldig trøytt eigentlig. Usannsynleg trøtt, i ein heilt ukjent by med skarpe lys og mykje trafikk i hamna. My name is Bjørn Sagstad. «Spell it». B Belgia. «NO, phonetic alphabet». B Bravo, J ehhhhh Jesus. «Whaaaaat. NO NO NO». Eg gav VHF’en til Tom og la meg nedpå litt.

Me blei borda av kanalagenten vår, som var bestilt og betalt på forhånd. Han kom i robåt. Kviskrande. Han ville ikkje lage noko styr på natta, så me måtte vere stille og berre følge han inn til marinaen «dead slow».

Ting såg annleis ut i dagslys. Det var ein ganske så fin marina. Utan gjester. Me var den einaste båten og den første norske båten sidan ca 2003. Alt var eigentleg fryd og gammen heilt til me begynte å gå tom for cash. Då blei det panikk i den egyptiske leiren. Resultatet blei at eg låg meg ned i baksetet på ein bil, med teppe over. Dette var etter at ein hamnevakt fekk noko i neven av kanalagenten. Full fart inn til nærmaste minibank i Suez. Rett tilbake igjen. Nytt i neven til vakta og alle i godt humør igjen. Etter tre dagar med venting var det endeleg vår tur i kanalen. Den første av to loser (påbode) kom ombord og peika ut retninga. Vi var siste båt i ein konvoi, etter eit svært Maersk containerskip. Så gjekk han rett å la seg for å sove… Suezkanalen blei eit eventyr.

Skjermbilde 2017-07-04 kl. 19.00.18

Artikkelen sto på trykk i Båtens Verden i 2017, og er skrevet av Bjørn Sagstad

Endret: 21.05.2020