Suezkanalen - Port Said - Kypros
From Dubai to Trondheim with love…
Suez
Me blei vel litt overraska når losen gjekk rett å la seg, etter å ha peika ut retningen me skulle gå…, og forhandla med meg kva og kor mykje han skulle ha i «gifts» utanom honoraret sitt. Men kva kunne egentlig gå gale i kanalen, når det var «straka vegen» mot Middelhavet eller Raudehavet og når djupna var tilpassa dei nest største containerskipa i verda?
Det blei ein flott og annleis tur i eit roleg og smult farvatn. Det sto soldatar og vinka til oss langs begge sider av kanalen. No og då kom det svære containerskip mot oss. Me passerte også fleire landsbyar. Det blei litt stille i båten. Nesten andektig stemning langs eit av verdas flottaste byggverk.
Ein kontroll kunne bety fleire dagar med venting, papirarbeid, stempling og nye turar gøymd i baksete på ein bil til næraste minibank.
2 dager
Ferda langs kanalen må delast i to. Ca midtvegs kom me til ein marina i Great Bitter Lake. Det same skjedde her. Me var aleine i ein veldig flott marina. Ganske så moderne med noko som hadde vore restaurantar på land. Om kvelden kom dei fastbuande til marinaen for å grille og ete. Blei ein fin kveld ilag med dei lokale. Spelte litt fotball med ungane og prata skit med dei vaksne. Ikkje ulikt ein kveld i ein norsk marina. Dei var triste for at ikkje fleire båtar som oss brukte kanalen og marinaen. Det blei ein lang og fin kveld som blei avslutta med klesvask ombord. Los nr 2 skulle kome tidlig neste morgon. Eg la meg kl 0200.
Klokka 0215 banka losen i skroget. Han var klar. Me måtte berre forhandla om «gifts» først. Eg klarte å starte opp utan å vekke Tom og John Isak. Ein Moody 45 DSE er svært stille på tomgang. Det er først når turboen på Volvo D3`en slår inn ein kan høyre motoren. Sakte glei me frå land, i mørket. Fekk beskjed om å gå så stille som mogeleg rundt første nes der den lokale politistasjonen låg. Ikkje fordi me hadde gjort noko gale, men fordi ein kontroll kunne bety fleire dagar med venting, papirarbeid, stempling og nye turar gøymd i baksete på ein bil til næraste minibank. Med størst frykt for fleire stempel, klarte eg å få så pass sig i båten at eg kunne slokke motoren og sige forbi politistasjonen lydlaust. Det sat ein bekjent og sov på ein stol, rett utanfor inngangen. Stolen var vippa bakover og kvilte mot veggen. Løye. Som i ein film eg nett hadde sett.

Akkurat det same skjedde igjen. Losen peika ut retninga og gjekk å la seg. Var vaken ca ein gong annankvar time for å gå ned på dørken for å be. Spurte kvar gong kor nord var for å finne retninga til Mekka, som eigentleg var rimeleg skrått bak om styrbord. Bokstavlig talt. Eg berre peika… Å vere los i Suezkanalen må vere ein av verdas lettaste og mest avslappa jobbar.

Port Said
Port Said er «porten» til Middelhavet. Me kjente det alle samen. Kjensla over å sleppa fri for pengemas i Egypt og å måtte gå i fast rute i kanalen, nesten som eit tog på skinner. Var rett før eg tok på meg jakka, eg var jo snart heime no.
Men losen skulle først ha sitt og helst mykje meir. Me var igjen gått tom for cash. Eg samla saman nokre poser med vannflasker, ris og dopapir utan at dette gjorde inntrykk på han. Det blei ampert ombord. Han ville ikkje forlate båten før han fekk meir. Eg kjente berre på eit enormt behov for å segle ut i Middelhavet. Det enda med at losen smatt forbi meg og ned i lugaren min. Der såg han kjolen min (konsertantrekket mitt, pingvinkjolen, som var med fordi eg skulle flyge på jobb rett frå Kypros til København og København Operafestival). Den ville han ha. Den skulle han ha. Eg nekta, men innsåg at dette kunne gå dårlig. Me blei etterpå borda av ein losbåt.

Endeleg. Middelhavet. Ein ubeskriveleg kjensle av fridom tok oss alle tre. Fast ritual; på med badebuksa, seinka badeplattforma, spretta champagnen, festa livbøya til båten før vi kasta den og oss sjølv i havet! Kvar dag det sama. Verdas finaste ritual. Å liggja slik i varm sjø ilag med gode vener og sjå drøymebåten frå havperspektiv imens me nippa til litt champagne, er kanskje noko av det eg vil hugsa aller best frå reisa. Veit ikkje heilt kvifor, det kjendest berre så utrulig kult. «We did it» liksom.
Me heiv opp alt me hadde av segl, laga kaffi og sat autopiloten og kursen rett på Larnaca på Kypros, dit var det omlag to døgn segling. Me opplevde meir segleglede når dei vertikale spilane på storseglet ikkje var der lenger. Dei forsvann i ein kuling på veg opp imot Suez. På eit tidspunkt regna det spiler. Heilt greitt. Det blei mykje lettare å få storseglet inn og ut av masta når spilane ikkje var der.
Tom ned i motorrommet berre iført truse, kniv og skrujern og med eit smil om munnen. Ein time seinare kom han oppatt, like blid med ein eim av diesellukt rundt seg.

Litt styr blei det når innhalfestet på forseglet rauk (pga ein spinlock som ikkje ville locka skikkelig). Tom og John Isak måtte fram på baugen imens eg prøvde å halde båten opp imot vinden utan at dei rimelig store bølgjene slo for mykje over baugen. Me stod han av. Også seinare på natta når me kjente sterk diesellukt ifrå motorrommet. Lekkasjen vart lokalisert, den skuldast motordekselet og ei for lang festeskrue, som laga hol på ein dieseltilførselslange. Ein feil som Volvo Penta i ettertid har opplyst om og bede alle med VP D3 å utbedre. Akkurat der og då, i god sjøgang og midt på natta, gjekk Tom ned i motorrommet berre iført truse, kniv og skrujern og med eit smil om munnen. Ein time seinare kom han oppatt, like blid med ein eim av diesellukt rundt seg. Eg vil aldri forstå korleis han klarte seg i mottorommet den natta utan å bli sjøsjuk. Men han tørka berre lett av seg og tente ein sigarett og spurte etter ein kopp kaffi. Tom altso. Me snakka aldri om det. Kven av oss som eigentleg var kaptein ombord.
Å sitte slik midt på natta i Middelhavet med kaffi på termosen og snakka skit, med den flottaste stjernehimmelen over seg, gjer noko med ein. Eg trudde eg hadde sett Melkevegen før, men når me sløkte alt av lanterner og mørkla båten fullstendig, først då forstod eg kva Melkevegen er. I tillegg gjorde samhaldet ombord dette til minner som nok aldri forsvinn. Ein dag håper eg at ungane mine får oppleve dette også. Men det må bli ein anna båttur.

Larnaca var stille om natta. Men ein pub var open. Den fann me. Båten skulle til verft i Tyrkia for vinteren. Forsikringsselskapet Pantaenius skulle henta den og segla videre til Tyrkia for å utbedre nokre transportskader, mest kosmetiske, medan eg reiste til København på jobb og John Isak tilbake til Norge. Tom tilbrakte dei neste fjorten dagane i båten i Larnaca saman med sambuaren sin. Sommaren etter fortsetter eventyret mot norge. Båten skal hem. Forbi Bergen heilt til Trondheim.
Artikkelen sto på trykk i Båtens Verden i 2017, og er skrevet av Bjørn Sagstad