Siste del av Middelhavet – SY Modig snart heime

From Dubai to Trondheim with love…

Eitt år har gått. Eit år utan SY Modig. Året på verftet i Tyrkia blei nytta godt. Mange forbetringar, forsterkningar og tilpassingar på båten blei utført. Siste del av Middelhavet gjenstår.

Den største var kanskje pulverlakkering av riggen. Tor Kjetil Pedersen (Riggmaster AS) som rigga båten i Aqaba i Jordan var på verftet i Tyrkia fleire gonger i løpet av vinteren. Dette for å følgje arbeidet som vart uført og for å kvalitetssikra ferdigstillinga. Det var Tor med eit lite mannskap som segla første legget. Eg kom på løp til Malta. Måtte gjere unna nokre konsertar i Noreg først.

8
Annonse

Malta

SY Modig var nesten ikkje til å kjenna igjen. Nypolert og vakker, med den kvitaste masta og bommen eg hadde sett. Veldig kjekt å helse på mannskapet. Alle kjenningar av meg. Riggar Tor, sonen hans og RS kaptein Tom frå førre sommar i Aqaba. Inger, som tidlegare også arbeide i RS , var også med. Me hadde nokre gode dagar på Malta. Det blei både ferie og førebuing til neste legg før Inger, Tom og eg held fram mot Mallorca. Me valde å gå «midtfjords». Å ta snarvegen babord kloss opp til Tunisia og Algerie hadde me blitt advart mot.

6

Malta-Mallorca

4 døgn tok det til Mallorca. 3 døgn med motor utan vind før me fekk vind og kunne segla det siste døgnet. Løye å sjå land etter 4 dagar utan. Dette er første gongen eg har vore så pass lenge på havet i egen båt i eitt strekk. Smal step for mankind… Går litt i konstante tanker for vêr, vind og båtens tilstand. Det følgjer nok med kapteinsansvaret.

Turen gjekk stort sett greitt med ein 4 timers vaktordning. Me held fram med den daglege rutinen med prosecobadestopp. Ned med badeplattforma, ut med livbøya i eit tau og så 3 glas klar på dørken før me hoppa uti. Kanskje like greitt at dette ikkje fristar så mykje heime i Noreg.

Ei ulukke kjem sjeldan aleine… Ganske riktig. I mørket under segl, deisa forseglet «i bakken». Det låg plutseleg halvvegs på fordekket, halvvegs i Middelhavet. Akkurat samtidig, då me trengte å gå opp imot vinden, låste styringa seg. Akkurat då, kjente eg at kvalmen tok meg. Dette var nesten i overkant av spenning. Men Tom hoppa ned i styrerommet akter, framleis med eit smil om munnen. Eg trur jammen han likte seg best når da endeleg skjedde noko. Etter 5 minuttar var han attende. Styringa også. Det var et stag som hadde skrudd seg ut, eller hadde fått sjansen til å skru seg ut og gått «rundt seg sjølv», fordi slakken var for stor. Forseglet fekk me også redda. Sjakkelen som held seglet på toppen hadde knekt rett av.

3
Bilde av kaptein Bjørn Sagstad i Middelhavet. Foto: Tom Kausanrød

Båtfolk luktar båtbutikk

Som alltid når eg kjem til hamn, både i Middelhavet og heime, lukter eg meg fram til næraste båtutstyrsbutikk. Butikkdama på Mallorca kom med tre sjaklar; Ein til 75,- NOK, ein til 300,- og ein til 750,-. Eg har ein greie med båtutstyr, eg er alltid skeptisk til da billigaste. Det nest billigaste også.

Ein «Tom» i livet, skulle alle ha…

Det hadde skjedd ein gong før, i hamna på Malta. Me bakka oss sakte akterover mot bryggja, sette giret i fri, for så å gå litt på fram for å bremsa farten. Ingen ting skjedde. Giret slo ikkje inn. Me klarte å unngå skader på eigen og andre sine båtar ved å fendre i full fart. Heldigvis var farten liten. Det var Tom som sto ved roret då. Han har ein filosofi om alltid å tilpassa farten for ting som kan skje, til dømes girproblem. Me håpa det var eit eingongstilfelle og tenkte ikkje so mykje meir på det. Men så skjedde da igjen. I hamna på Mallorca. Meir vind denne gongen, men framleis låg fart og Tom til rors. No er det ikkje tilfeldig lenger. Me har eit elektronisk girproblem.

Eg var på veg til det lokale Volvo Penta verkstaden då Tom nemde, i ein bisetning, at kartplottaren hadde «blinka» då han prøvde å sette i gir. Kunne det vere eit straumproblem? Ingen av oss hadde så mykje erfaring med elektroniske gir. Bortsett frå Tom, då. Ganske riktig. Babord batteribank, halve forbrukskapasiteten på 300 amp, hadde regelrett eksplodert. Begge batteria var totalt deformert. Ikkje bra. Heller ikkje bra at batteria ligg under babord køy, i lugaren til Inger.

Me hadde nokre fine dagar på Mallorca. God mat og drikke. Eg blei overraska over det kulturelle mangfaldet og tilbodet som var på Mallorca. Eg hadde vel berre sett for meg noko anna. Spesielt gamlebyen var flott.

4
Solnedgang mellom Mallorca og Ibiza

Mallorca-Ibiza

No var det berre Tom og meg igjen. Me sette kursen rett på Ibiza og ein liten pit stop der før kurs rett mot Benidorm på fastlandet av Spania. Me la oss til midt i hamna på Ibiza. På hurtigbåtkaien. Tok sjansen på at da ikkje gjekk hurtigbåt om natta. Me var ikkje så lenge på Ibiza, berre nok til å nyta ei øl, oppleve ein gay parade, få med oss ein stor utandørskonsert med masse folk og utruleg mykje liv og røre. Artige kontraster i Middelhavet. Frå heilt åleine på havet, til omringa av folk og paradar.

Ei ny natt på havet. I totalt mørke før soloppgang etter kl. 05.00. Dette er nesten det flottaste synet eg veit om. Det einaste som er betre er synet og samværet med ungane mine. Hadde dei i tillegg vore med på båten hadde det kanskje blitt for mykje. Eg saknar ofte ungane mine. Både på havet og på alle reisene mine som dirigent.

Tom var med nokre dagar til. Han hadde fly frå Alicante. Det var mange høgdepunkt langs kysten av Spania. Eit av dei var då me etter ivrig kikkerspaning fann ei fin strand med bar. Ankra opp. Putta pengar i badebuksa og symde inn. Å liggja på ei flott strand, med ei kald øl, ein kald is og sjå Modig svaia fint på anker utanfor, skal eg heller aldri gløyma. Nesten som på film! DEN gode filmen.

Det var vemodig å sei farvel til Tom. No var eg «aleine». Iallfall nokre dagar før nytt mannskap mønstra på i Alicante og Malaga. Velkommen til Åge og Finn.

1
To stk ”sprengte” AGM-batterier
Annonse

Alicante-Gibraltar-Lagos i Portugal

Førebels klarte me å halde tidsplanen, slik at bestilte flybillettar kunne brukast. Turen langs kysten av Spania var fin den. Mykje sol og bading. Fine marinaer. God mat. Men eg tok meg i det fleire gonger, eg saknar den norske kysten. Vestlandet og Trøndelag spesielt. Holmar og skjær. Fyr og stakar.

Supertankar for anker i Gibraltar. Not…

Gibraltar var ein løyen plass. Ikkje som andre plasser. Litt som å vere i Syden og i England- på same tid. Det var på veg ut av hamna, etter fylling av tidenes billigaste diesel, det skjedde. Me tok kurs mellom ein del store tankskip som låg for anker. Tett opp til eit med kraftig ankerkjetting og rundt ankermerke i baugen. Me var farleg nær då me såg det; båten låg ikkje for anker. Den seig sakte framover med ankerkjettingen ute. I tillegg såg me at det runde ankermerke i baugen var ein rund svart høgtaler. Me slo bakk og gav full gass akterover så turboen hylte. Var nærme, men gjekk bra. Trur høgtaleren var av merke Bose…

Gibraltar var ein løyen plass. Ikkje som andre plasser. Litt som å vere i Syden og i England - på same tid.

Åge Finckenhagen. Guten sin.

Heldigvis hadde eg klart å spora opp Åge. Åge har lang erfaring som deliveryskipper, også på Hanse og Moody båter. Han hadde segla 45 DS båter tidligare. Det var Åge og Finn som segla Modig vidare mot Noreg etter at me hadde ein stopp i Cadiz og Lagos. Eg måtte igjen reise på jobb. Denne gongen til Sherborne i Dorset/England og etter det til Ålborg. Planen var at eg kunne hoppa på Modig når dei segla forbi Ålborg. Planen heldt nesten!

Artikkelen sto på trykk i Båtens Verden i 2019, og er skrevet av Bjørn Sagstad

Endret: 21.05.2020