Dubai-Aqaba (Jordan)
From Dubai to Trondheim with love…
Båtkjøp er kanskje ikkje det første ein burde tenkje på når ein held på å gå til botn privat? Eller kvifor ikkje? Om alt gjekk gale med ekteskapet mitt, kunne eg jo bu i båten. Båt og båtliv har vore viktig i familien min. Noko alle samlast om. Noko ungane mine er oppvaksne med. Noko eg sjølv er oppvaksen med. Klarte ikkje tanken på at dette også skulle bli borte. Me blei einige om å kjøpe båt i Dubai.
Ein Moody 45 DS, bygd i Tyskland av Hanse har lenge vore ein drøm for meg, yngstejenta Mari og resten av familien min. Det er ikkje så mange eksemplar til sals i verda, og prisen er nok grunnen til dette. Elles meiner eg bestemt at båttypen og dekkshuskonseptet med innandørs styreposisjon med gir, gass og autopilot, no to nymonterte Eber D4 dieselvarmarar, nymontert Eber defroster, luftavfuktar og air condition anlegg (originalmontert i båten for klimaet i Dubai), er som skapt for både kalde, varme og ikkje minst våte strøk av verda.
Møtet med papirmølla/byråkratiet i Dubai var interessant...
Eg fann båten i Ras Al-Khaimah, Dubai
Seljaren var tysk og budde i Tyskland. Det gav vel i utgangspunktet litt tryggleik. Europeiske folk i dei fleste ledda. I tillegg hadde eg ein uhilda profesjonell person til å sjå på båten i Dubai. Med andre ord ein ganske så trygg og gjennomtenkt kjøpsprosess. Etter å ha forhandla med salsagenturet Sea Independent i Portugal/Nederland, fekk eg prisen så langt ned som eg trur eg kunne (les; seljar vart sur og meinte i ettertid at eg burde vere fornøgd med bortimot kva som helst av nykker på båten sidan han hadde «gitt den vekk»).
Sjølve kontraktarbeidet var ryddig. Det som tok tid var vedlegget til kontrakten, «to be fixed by seller». Det var også her både seljer og ikkje minst agenturet Sea Independent, etter mi meining feila mest. Ettersom båten låg i Dubai, fekk eg ikkje kontrollert at alt var «fixed by seller», før summen måtte overførast og seljaren var reist ifrå Dubai. Det viste seg at seljaren ikkje hadde utført alt han skulle og det var umulig å få gjort noko med dette i ettertid. Sea Independent var gode heilt til beløpet var betalt. Ikkje så gode etterpå. I ettertid innser eg at eg burde hatt folk i Dubai til å kontrollere at seljaren faktisk utførde alt på «to be fixed by seller» lista vår. Eg var sjølv to turar til Dubai før endeleg kjøpsprosess var ferdig.

Papirarbeid (Bill of Sale, Certificate of Deletion, Declaration of conformity, custom clearance)
Møtet med papirmølla/byråkratiet i Dubai var interessant. Det som kanskje var den største utfordringa var at det meste av både papirarbeid og anna arbeid måtte utførast i 47 grader varme. Vassflasker var aldri langt vekke. Vatn vart som oksygen. Heldigvis har Modig aircondition, men alt eg gjorde utanfor båten gjekk seint. Synes eg i alle fall sjølv. Men det gjekk rykter om at eg var den første i historia som klarte å rekke tre offentlege kontor, med rette papir og stemplar, utrulig mange stemplar, på same dagen.

Møtet med foreign affairs var kanskje det mest spesielle. Der av alle plasser, bak skranken sat det en mann med humor. Tulla med nervøse kundar som var der av ymse grunnar. Dei fleste med langt meir alvorlig business enn å kjøpa båt. Så etter å ha forsikra mannen at eg er norsk og ikkje frå Nord Korea, han synes nemleg eg likna ein frå Nord Korea. I tillegg så kjente eg til Ole Gunnar Solskjær. At han kjem frå operabyen Kristiansund der eg har arbeid som dirigent var også nyttig. Eg fekk alle stempla eg skulle akkompagnert av ein tenorarie sunge av mannen sjølv.
Slik var det også på tollkontoret i Ras Al-Khaimah. Sjefstollaren der tullar du ikkje med. Stort kontor med minst to sekretærar. I utgangspunktet var ikkje sjefen så interessert i meg og ærendet mitt. Men han likte «Trollsteigaen, Trolhaaughen, Griiig, Bøøørgen and Loooster». I tillegg var han svært interessert i klassisk musikk. Det vart eit bra møte. Dette er ikkje første gongen yrket mitt som dirigent har fått ting på glid. Han kjørte meg personleg attende til båten, men vi måtte heimom huset hans for å helse på kona og dottera først. Dottera spelte eit stykke av Chopin (Prelude e-moll, opus 28 nr 4). Båten heite i utgangspunktet Chopin. Trur ikkje ho likte å spele for meg. Men han og kona likte det og insisterte vidare på middag og nokre lengder i bassenget etterpå. Eg takka ja. Trur det var lurt. Dottera serverte kald drikke. Trur ikkje ho likte det heller. Eg fekk med meg dei rette papira med dei rette stempla. Me vart ganske godt kjent, sjefstollaren og meg. «You are a crazy guy» sa han då han kjørte vekk i sin svarte MB 600 S. «Thank you. You too», sa eg.

I tillegg ville eg ha båten registrert i NOR med ein gong og eg arbeidde derfor tett med skipsregisteret i Noreg. Sikkert rutine for mange, men for meg som registrerte for første gong, synes eg det var litt styr. Spesielt i 47 grader varme. Dei var ikkje fornøgd med måten eg inngraverte registreringsnummeret på. Etter å ha arbeid med Skipsregisteret i fleire veker, e-postar fram og tilbake om korleis ting må gjerast, virka det unødvendig når dei kikka på at G´en, i L(ima) G(olf), og meinte at den såg ut som eit 6 tall og ikkje ein G. Dette var ein fredag ettermiddag, fem minuttar før stenging heime i Noreg, ca. 54 varmegrader i rommet eg «graverte» i og ramadan like om hjørnet i Dubai. Da blei 2 veker ekstra venting pga. layouten på ein forbanna G.

Dei ekstra vekene gjekk til diverse førebuingar før eg kunne starta turen nordover. Fleire stempel, mellom anna hjå den norske konsulen i Dubai, flikking på kanskje den finaste G´en verda har sett (eller aldri vil få sjå, ettersom heile nummeret er gravert inn forskriftsmessig på ein bortgjømt plass på båten), nye vennskap, mykje badeliv og partiturlesing til neste jobb på København Operafestival. Eg møtte mellom anna norske Mr. X. Heime i Norge «jobba» han tidligare som smuglar, men var no busett i Dubai. Best slik sa han. Han kunne fortelje historier om mellom anna kapring av yacht på oppdrag frå eit forsikringsselskap og flydropp av smuglarvarer i Østerdalen. Ein filippinsk kaptein på ein privat yacht som låg i same hamn som meg blei også eit fint vennskap. Han var svært hjelpsam og grei. Tok meg med på sightseeing down town Dubai, deltok med å førebu båten for transport og kjørte meg rundt for ulike ærend. Til gjengjeld tok eg på meg kvitskjorta og var andrestyrmann på den store yachten hans på ein seilas mellom Dubai og Abu Dhabi. Eg måtte leggje igjen mobilen. «No photos».
Eg skulle gjerne førebudd meg meir til sjølve seglturen. Kart, distanser, mannskap, proviant osv. Men eg blei god på papirarbeid og stempling. No blir vel resten av prosessen lett. Trudde eg…

Artikkelen sto på trykk i Båtens Verden i 2017, og er skrevet av Bjørn Sagstad